Vi gjør hverdagen enklere og verden mindre

Meny (første nivå) og søk

Forsiden Presse Arkiv Postbodet Vidar guidar turistar gjennom Oddas gater

Postbodet Vidar guidar turistar gjennom Oddas gater

Publiseringsdato: Forfatter:

Artikkeltekst

Frå før av er Vidar postbod, taxisjåfør, politikar – no kan han òg føre opp turistguide på cv-en sin.

8
Blid type: Vidar Solvi på ei av prøverundene han gjekk saman med Kraftmuseet. Foto: Kraftmuseet

Vidar Solvi er ein driftig kar. Sidan 1986 har han jobba som postbod i Odda. I dag leverer han post og pakker i hele Ullensvang kommune og køyrer 17 mil dagleg. I tillegg til dette er han politikar på kvelden og taxisjåfør i helgene.

Sjølv seier Vidar: – Noko må ein då finne på!

– No har eg køyrd taxi i 20 år, men det nærmar seg slutten, og eg har køyrd med Posten i 35 år. Eg har ikkje mykje fri, men eg likar at det skjer ting. Det er gøy med noko nytt, det var difor eg sa ja til å vere guide òg.

Flink historieforteljar

Postbodet har no blitt headhunta til eit nytt prosjekt, Byvandring med postmannen, som er initiert av Kraftmuseet i Tysdal.  

– Det var min gode kollega Elisabeth Hauge som foreslo postbodet Vidar Solvi, han er jo ein mann som har Odda i hjartet. Han elskar byen sin og er ein skikkeleg patriot. Vidar er ein god historieforteljar, han er veldig sosial og postbod. Kven kjenner vel Odda betre enn han?, seier Gro Tyssedaltveit Kollbotn, besøksansvarleg i Kraftmuseet.

Gro fortel vidare at dei gjekk eit par prøverunder rundt omkring i Odda og laga ein plan og gjorde klart eit manus. Ideen er å kombinere lokalhistorie og krydre desse med Vidars anekdotar som postbod i Odda.

Snakkis i Odda

Ikkje overraskande svarte Vidar eit tydeleg «ja» på førespurnaden frå Kraftmuseet.

– Eg syns dette er eit kjempespennande prosjekt. Planen er at eg skal gå turen i heile juli, måndag til fredag, og kvar tur tek omtrent ein time. Sidan eg er postbod skal det sjølvsagt kome nokre skrøner frå meg i løpet av turen. Eg har budd og gått i desse gatene i årevis. Vi kjem til å gå i nokre krokar folk ikkje er vande med å gå i òg, som er litt av poenget med at det er eg som er guiden, seier Vidar.

Ifølge Gro er Byvandringen med postmannen den store snakkisen i Odda:

– Vidar er jo overalt og snakkar med folk. Folk kjem og spør når dei kan få kjøpe billett. Når han fortel om prosjektet på Facebook brukar han å få mykje engasjement. Handelstanden i byen superfornøgd med dette opplegget. Vidar er ein kapasitet i lokalsamfunnet vårt, fortel Gro.

Vidar er godt i gong med å guide og dei har fått fleire gode tilbakemeldingar.

mål til uniform livet
Skreddaren tek mål av Vidar slik at den nye uniforma skal sete som støpt. Foto: Kraftmuseet

Historisk uniform

Byvandringa med postmannen skal vere ei autentisk historisk oppleving og Vidar går iført ein skreddarsydd postuniform frå 50-talet:

– Planen var å få sydd ein uniform hos ein lokal klesforhandlar her i Odda, men i jakta på dei originale sølvknappane som høyrer til uniforma kom vi i kontakt med Postmuseet på Lillehammer og dei tilbydde seg å sy uniforma for oss, seier Vidar.

Det blei tatt mål av Vidar hjå ein skreddar som blei sendt vidare til postmuseet som har sydd uniforma. Sølvknappane med posthornet på har blitt laga av ein lokal gullsmed.

IMG_20231
Vidar i den skreddarsydde uniforma frå 50-talet. Foto: Kraftmuseet

Youtube-kanal

Den driftige postmannen, taxisjåføren, politikaren – og no turistguiden – driv i tillegg med eit prosjekt til: «Ullensvang fra innsiden», som er ein Youtube-kanal der han filmar forskjellige stadar og vegar i Ullensvang kommune. Videoane kategoriserer han som eit sakte-tv-prosjekt.

Er du nysgjerrig? Du finn Youtube-kanalen hans her.

Vidar og Kraftmuseet har óg ein Instagram-konto. Den finn du ved å søkje opp @byvandringmedpostmannen.