Arkiv

Isbjørn og moskus på nye frimerker

Ein isbjørn og ein moskus er motiva på dei flotte frimerka Posten gir ut 3. januar i serien Ville Dyr i Noreg. Naturfotograf Tom Schandy er mannen bak bileta.

Isbjørnen vart fotografert i Hinlopenstredet nordaust på Svalbard i 2007. Den var ein av tre isbjørnar som oppdaga båten fotografen var på, og som nærma seg båten av rein nysgjerrigheit. Moskusen vart fanga av kameralinsa på Dovre for nokre år sidan.

Dei nye frimerka er dei sjette i serien ”Ville dyr i Noreg” og denne gongen er det den arktiske faunaen som er i søkjelyset.

Isbjørn (Ursus maritimus) er verdas største rovpattedyr på land. Den lever i arktiske strøk, men er observert heilt til sørspissen av Grønland og Island. Eit vaksent hanndyr veg frå 300 til 800 kg og kan ha ei skulderhøgde på 160 cm. Hodyra er mindre og veg frå 150 til 300 kg. Det eksisterar om lag 25000 isbjørnar i verda. 

Moskus (Ovibos moschatus) er opprinneleg frå Canada, Alaska og Grønland og levde naturleg I Noreg til siste istid, då dei vart utrydda. Moskusen vart importert frå Grønland i 1932 og vart sett ut på Dovrefjell. Den norske bestanden består i dag av rundt 200 dyr.    

Ville Dyr i Noreg VI

Nummer:   NK 1777–1778

Motiv:       Isbjørn, Moskus

Design:     Inger Sandved Anfinsen

Foto:         Tom Schandy, Samfoto

Verdi:         Kr 17,00 – kr 27,00

Antall:        Ark à 50 frimerker

Trykk:        Offset fra Royal Joh. Enschedé, Nederland

For meir informasjon:
Postens pressetelefon 95 14 80 00

Pressekontakt:

+47 95 14 80 00

(døgnåpen telefon - bare for henvendelser fra media)

Sentralbord: +47 23 14 90 00
(Mandag - fredag: 0800 - 1630, Lørdag: Stengt)

Gå til Kundeservice Posten her
Gå til Kundeservice Bring her